Fråflyttingtruga bygd blir økogrend

Artikkel: http://www.nrk.no/sognogfjordane/fraflyttingtruga-bygd-blir-okogrend-1.12366722
NB! Gå til ovenfor artikkel til også se NRK videoen.

Ei søvnig fråflyttingstruga bygd i Hyllestad skal få nytt liv som økogrend. Den utflytta ingeniøren Magnar Eide håpar ein sjølvforsynt og økologisk landsby skal trekke mellom 50 og 150 nye innbyggjarar til heimstaden han sjølv forlèt

– Draumen er å skape ny verksemd i grenda Eide. Det er ein fantastisk plass, tykkjer eg i alle fall, og fleire med meg trur eg, seier Eide.

Gardsbruket Magnar Eide tek oss med til, har sett betre dagar. Det er lenge sidan det var aktivitet. Bruket på Eide i Hyllestad vart lagt ned på 1970-talet. Eide forlèt sjølv grenda som ungdom, til fordel for eit liv på Sotra utanfor Bergen. No vil bygningsingeniøren lage eit nytt samfunn tufta på eit økologisk levesett.

– Når eg blir gamal her på Eide så kjem eg til å stå på haugen her med staven og peike og seie skjelvande røyst at «der nede var det alt byrja» ler Eide.

Berekraftig levesett

Planen er ei heilt ny grend med klimanøytrale hus – og lågast mogleg utslepp.

HER STARTA DET: Initiativtakar Magnar EideFOTO: STINE KYRKJEBØ JOHANSEN / NRK  

– Det må vere folk med interesse for berekraftig levesett

Han håpar 50 til 150 personar kan leve her, nesten sjølvberga med grønsaker og dyr. Med på laget er både United World Collage i Flekke og landets einaste økoskule, Sogn Jord og hagebruksskule i Aurland. Elevane sin potetåker på den nedlagde gardsbruket markerer på mange måtar starten på økogrenda.

– Ideelt sett kunne ein kanskje tenke seg at det var yngre familiar som kom her og som ville starte med ein gong.

Mange økolandsbyar

Økolandsbyar og grender har poppa opp fleire stader i landet. Det mest kanskje vellykka eksempelet finn ein i Hurdal ein drygt times køyring nord for Oslo. Landsbyen har i dag 175 bueiningar Silje Krey Nitter flytta inn i nybygd økohus i fjor sommar.

– Eg er sjølvforsynt med straum, etter kvar kan vi også bli meir sjølvforsynte med frukt, bær og grønsaker.

DYRKAR EIGEN MAT: Målet er å vere sjølvforsynte med eigne grønsakerFOTO: NRK  

Også på Osterøy utanfor Bergen blir det jobba med liknande planar. I Bruvik står tomter byggeklare.

I fråflyttingsprega Hyllestad omfamnar kommunen prosjektet. Joakim Systaddal er prosjektleiar for omstilling.

– Å ta i bruk at små lokalsamfunn som har masse resursar i seg, men som ikkje nødvendigvis er aktivt i bruk lenger. Det er ein av dei strategiane som vi har tenkt skal gi oss ein positiv folketalsutvikling, og som vi og er byrja å sjå litt resultat av.

– Sjølv om vi er neste tre timar frå Bergen så og halvanna time frå Førde så er eg sikker på at det er mange som vil kome hit, seier Eide som håpar er å ta i mot dei første tilflyttarane på Eide i Hyllestad i løpet av neste år.