Kurs i Fortelling

Naturpedagog og storyteller – Jorun Barane

”Skal ein forstå seg sjølv må ein reisa ut i verda- skal ein forstå verda må ein inn i seg sjølv”

Har du lyst til å bli forteljar? – Begynn no!

Har du nokon gong undra deg på korleis det ville vera å fortelja ei tradisjonell forteljing eller historie….

Viss du har tenkt ”eg kjem aldri til å hugsa alt” eller viss du nokon gong har vore bekymra /uroleg for å stå framfor eit publikum, då kan detta vera kurset for nettopp deg!

I løpet av kurshelga vil du ha fleire historier under beltet, fått tillit til å snakka framfor publikum og reise heim med mange tips om korleis ein best kan fortelja ein historie. Alt dette vil skje i ein trygg og støttande atmosfære med mykje moro der du kan tillata deg å utfolda din naturlege kreativitet og byrjar som forteljar NO!

Sue Hollingsworth,
Sue har introdusert hundrevis av menneske til gleda ved historiefortelling. Ho arbeidar spesielt med biografiske historier, forteljingar utandørs i naturen pilegrims turar, mytologi og undereventyr.

Sue er leiar av den internasjonale ”School of storytelling” som har sin base i Storbritannia og er lærar og konsulent over heile verda. Sue er ein av grunnleggjarane av Center for Narrative Leadership. Ho er forfatter av ”The Storyteller’s Way: Sourcebook for inspired Storytelling” (Hawthorn Press 2012) www.schoolofstorytelling.com

Jorun Barane

Kursansvarleg og forteljar, natur pedagog med mastergrad i berekraftig læring, sjå heimesida: www.naturpedagog.no

Praktiske opplysningar:

Stad: Sogn Jord- og Hagebrukskule i Aurland, sjå www.sjh.no

Tid: Fredag 5. april kl. 19.00 til søndag 7. april kl. 12.30

Språk: Engelsk/Norsk

Deltakaravgift: kr 2.000,- inkludert økolunsj, kaffe, laurdag/søndag og tapas laurdag kveld.

Overnatting med frukost: kr 610 på internatet ved SJH (to netter). Ein kan og tinga overnatting på Vangsgaarden Gjestgiveri og Rorbuer eller Aurland Fjordhotell om de ynskjer det.

Påmelding og informasjon:
Påmelding på epost innan 15. mars 2013 til : Jorun–ATT–naturpedagog.no (erstatt –ATT– med @ symbolet) / www.schoolofstorytelling.com (under Worldwide courses: Norway Begin it Now!)

For meir informasjon om kurset ta kontakt med Jorun Barane på tlf: +47 97005951

Se School of storytelling facebook siden for mer informasjon om Storytelling.