Bygde økohus

«Baristapresten» bygde økohus

Når kulda bit, fyrar han opp i den store omnen, som er plassert midt i huset. Men berre ein gong om dagen. Det held.

(Artikkel fra http://www.varden.no/bolig/baristapresten-bygde-okohus-1.7734610  for flere bilder se også artikkelen.)

okohus
okohus-peis

Nesten øvst oppe i bakkane i Åslandsgrend i Fyresdal ligg nybygget. Heilt annleis enn dei andre gardshusa i grenda. Treverket er ubehandla furu, som har fått den grå, naturlege fargen.

Store vindauge og ein spesiell glasveranda er godt plassert i det arkitektteikna økohuset til sokneprest Bjørn Nome og familien.

Det er litt spesielt at ein prest får lov å bu i eige hus. Eigentleg skulle soknepresten ha budd nede i kommunesenteret på Fyresdal prestegard. Men då Bjørn fekk ny ordførarjobb for nokre år sidan, søkte han om fritak frå buplikta. Det fekk han og dermed starta han og kona Inger Nenseter Nome å byggje hus på Rinden. No er han tilbake i prestegjerninga, men har fått lov å halde fram med å bu i eige hus.

Reiv gamlehuset

– Me ville eigentleg pusse opp det gamle huset som stod her, men det blei for stort prosjekt, seier Bjørn Nome.

Han durar i gang kaffekverna på kjøkkenbenken. Nokre i kyrkjelyden kallar han for baristapresten. Han har ikkje sansen for kaffe på store kanner, som ein kan drikke litervis av om dagen. Det er betre med to koppar kaffe som smakar skikkeleg godt.

– Det gamle huset hadde stått tomt i mange år og hadde store fuktskader. Me vurderte å ta ned tømmeret, stokk for stokk, for så å reise det opp att. Men me fann ut at me heller ville sette opp eit nytt hus, held Bjørn Nome fram.

Dermed blei arkitekt Rolf Jacobsen frå Gaia Tjøme engasjert. Arkitektfirmaet hans arbeider med økohus og – hagar. Etter å ha snakka saman ein kveld, teikna Jacobsen eit energisparande hus i ekteparet Nomes stil.

Sollyset varmar opp

Det nye huset er plassert akkurat der det gamle låg. Det viste seg at dei gamle husbyggjarane hadde valgt den aller beste staden å plassere eit hus, lunt og godt, men samstundes med god utsikt over grenda.

På sørsida av huset er det flest vindauge. Når sola skin om våren og sommaren, er sollyset inn vindauga også med å varme opp huset.

– Nokre var redde for at huset skulle bli for kaldt, med så mange store glas. Men sidan det er trelags vindauge med god isoleringsemne, har me det varmt og godt, forklarar Bjørn.

Glaskarmane er djupe og gode. Veggene er nemleg 30 centimeter tjukke, medan taket er 40 centimeter tjukt. Midt i allrommet, mellom kjøkken- og stogeavdeling, står ein gedigen omn. Mura opp frå grunnfjellet, med eit stort fyringskammer.

Varmen held ein dag

Ein gong om dagen fyrar familien opp omnen. Ei stor kasse med ved går med. Det durar og bråkar når massomnen blir tent og skrudd opp med full trekk. I to- tre timar varar den intense fyringa, som utviklar svært høg varme inne i omnen.

Varmen blir lagra der inne og sig sakte ut i rommet. Det kjem minimalt med ureinande røyk ut av pipa og omnen held varmen heilt til neste dag. Dersom det ikkje er streng vinterkulde, held det å fyre opp annankvar dag.

På taket er det montert ein solfangar. Den varmar opp vatn som går i røyr i golva i huset. Ein termostat seier frå når det er tid for golvvarmen å slå seg på. Dermed er huset alltid godt og varmt, også i sprengkalde vinterdagar.

Isolera med lin og ull

– Men det blir ikkje for tett?

– Nei, dette er eit såkalla aktivhus. Det er bruka bygningsmateriale som pustar og veggene er isolera med matter av lin og ull, fortel Bjørn Nome.

Alle rom er også utstyrt med gamaldagse lufteluker som ein kan opne og lukke, ettersom det passar.

– Me kan faktisk klare oss med soloppvarma springvatn også, men då kan ikkje alle fem familiemedlemene dusje på same dag, seier Bjørn Nome og ler litt.

Han og sonen var aleine heime ei veke i sommar. Då testa dei ut om dei kunne klare seg med solfangaren. Det gjekk bra, då dei bare var to.

– Her er ingen panelomnar?

– Nei, ikkje i det heile. Elektrikaren kommenterte det då me bygde. Han tykte det var ganske spesielt å ikkje montere anlegg til omnar i huset, minnest Bjørn Nome.

Sjølv om gamlehuset er rive ned, er minnene tatt vare på. Den flotte, gamle sjablongmålte panelen frå gamlestoga, er blitt bokhylle, saman med dei gamle golvplankene. På kjøkkenveggen heng den gamle krydderhylla.

– Det er morosamt å ha nokre detaljar frå det gamle huset, synest Bjørn.

Ting med fortid

I det heile er både Bjørn og Inger opptatt av at ikkje alt treng vere nytt. Funn frå loppemarknadar i inn- og utland er med glede tatt inn i huset. Eit gamalt kroskåp utmerkar seg i den eine stoga. Ein eller annan har starta arbeidet med å fjerne gamal måling, men ikkje gjort seg ferdig.

Ekteparet Nome tykte skåpet var fint i seg sjølv, og valde å la det vere slik, med alle fargenyansar frå alle tider.

– Me har historiar knytt til tinga våre. Det er viktig å fylle rommet med ting som betyr noko for oss. Eit hus skal vere prega av at det bur levande menneske, seier Bjørn Nome.