Fråflyttingstruga bygd blir økogrend

Ei fråflyttingstruga bygd i Hyllestad i Ytre Sogn skal få nytt liv som økogrend.

Planen er at ein sjølvforsynt og økologisk landsby skal trekke mange nye innbyggjarar til seg.

Følgende artikkel kommer fra:
Nationen.no

Draumen er å skape ny verksemd i grenda Eide. Det er ein fantastisk plass, synest eg i alle fall, og fleire med meg trur eg, seier ingeniør og gardbrukar Magnar Eide til NRK.

Bruket hans på Eide i Hyllestad vart lagt ned på 1970-talet. Eide forlèt sjølv grenda som ungdom. No vil bygningsingeniøren lage eit nytt samfunn tufta på eit økologisk levesett. Planen er ei heilt ny grend med klimanøytrale hus – og lågast mogleg utslepp.

Initiativtakaren håpar 50 til 150 personar kan leve her, nesten sjølvberga med grønsaker og dyr. Med på laget er både United World Collage i Flekke og den einaste økoskulen i landet, Sogn Jord og hagebruksskule i Aurland.

Økolandsbyar og grender har poppa opp fleire stader i landet. Det mest vellykka eksempelet finn ein kanskje i Hurdal ein dryg times køyring nord for Oslo. Landsbyen har i dag 175 bueiningar.

Også på Osterøy utanfor Bergen blir det jobba med liknande planar. I Bruvik står tomter byggeklare.

For nærmere informasjon se:
eideeco.no – Eide Økogrend
facebook.com/eideeco